Hopp til innhold

Stadig framdrift på nyebrua

Fem av 28 brupålar er no på plass for den nye Loftesnesbrui i Sogndal. Statens vegvesen melder at arbeidet går jamt framover. Til saman skal 40.000 kubikk med masse leggjast ut på Loftesnes, og bakre del av sjøfyllinga er no oppe på full høgde.

Frå arbeid med nye Loftesnesbrui
Foto: Statens vegvesen