Hopp til innhold

Politimelder skade på hund

Politiet vil kome i kontakt med vitne som har sett korleis ein kvit gjetarhund vart skadd ved Hafslo skisenter onsdag. Hunden sprang laust ved anlegget opplyser politiet. Eigaren meiner nokon kan ha stukke ein skistav i auge på hunden. Vitne som har tips kan ringe 02800.