Hopp til innhold

Ustabilt nett -flyttar legevakta

På grunn av ustabil teledekning i delar av ytre Bremanger, er legevakta i dag er stasjonert i Svelgen. Det melder Bremanger kommune. Dersom ein ikkje har teledekning, må ein fysisk oppsøkje legekontor, eller prøve å ringe undervegs når ein får dekning, skriv kommunen. Det er truleg ikkje mogeleg å ringe naudnummera 110, 112 eller 113. Det er uvisst kor lenge dette vil vare.