Kva gjer Havila-styret i dag?
Styret i Havila Shipping i Herøy diskuterer i dag den kritiske situasjonen i selskapet. I går var styreleiar Per Sævik og Havila-leiinga i møte i Oslo etter at over ein tredel av obligasjons-kreditorane avviste løysinga som Havila la på bordet. Selskapet jobbar for å få til ein avtale som betyr at dei slepp å betale renter og avdrag for ein periode.