Hopp til innhold

Fylkesleiar lenka seg fast

Fylkesleiaren i Raudt Sogn og Fjordane, Ingunn Kandal, lenka seg tysdag fast på anleggsområdet til Nordic Mining på Engebøfjellet for å hindre prøveboringa.

– Vi har sete sidan klokka 16. Nett no er det folk frå Nordic Mining her og snakkar med oss, seier Kandal til NRK klokka 21. Politiet opplyser til NRK at dei har ei patrulje på veg for å fjerne aksjonistane.