Hopp til innhold

Ber sine eigne bruke meir nynorsk

KS i Sogn og Fjordane krev at hovudorganisasjonen sin nyttar meir nynorsk. Vinje kommune i Telemark har protestert på at interesseorganisasjonen for kommunane, KS, berre brukar bokmål i sine hefte og publikasjonar om folkevald-opplæring. Eit samla fylkesmøte i KS Sogn og Fjordane stiller seg bak denne protesten. Dei krev at KS sentralt set språkleg likestilling på dagsorden.