Hopp til innhold

Politimelde fleire sjåførar

Ein utanlandsk vogntogførar er politimeld etter at Statens vegvesen i går avslørte at han hadde operert med to sjåførkort, det skriv Sogn Avis. Det var under ein kontroll på Håbakken at Vegvesenet sine folk oppdaga dette. To sjåførar vart også melde for brot på køyre- og kviletida, mellom anna ein norsk førar som ifølgje avisa berre hadde vel fem timar kvile i løpet av 34 timar på jobb.