Hopp til innhold

Klatra opp i heiskran

To kameratar i 20-åra må betale 4 000 kroner kvar i bot etter at dei ei novembernatt i fjor klatra 25 meter opp i ein heiskran i Førde. Det samla seg mykje folk rundt kranen og politiet fekk fleire uromeldingar. Fjordane tingrett fann det skjerpande at hendinga hadde stort farepotensiale.