Hopp til innhold

Fire aksjonistar henta ned

Politiet har henta ned fire aksjonistar frå Natur og Ungdom frå Engebøfjellet i Naustdal. Ifølgje politiet sin operasjonssentral i Florø vert desse fire frakta til Førde lensmannskontor for bøter og eventuelle andre reaksjonar. Ifølgje Natur og Ungdom set Nordic Mining no opp store gjerder ved anleggsvegen opp til Engebøfjellet. Totalt nærmar bøtene seg no 200.000 kroner, ifølgje organisasjonen.