Hopp til innhold

Minst to vogntog fast på rv15

Minst to vogntog står fast på riksveg 15 i Stryn. Statens vegvesen veit at det eine står fast i Svarstadsvingane vest for Stryn, og her skal det vere passasje. Føraren av eit anna vogntog greier ikkje å gjere greie for kvar han er, men Vegvesenet trur han kan stå fast på veg opp mot Strynefjellet. Også her skal det vere mogleg å passere. Vegvesenet har fått melding om eit tredje vogntog som står fast i området, men dette kan vere det same som dei trur står fast på veg opp mot Strynefjellet.