Hopp til innhold

Miste førarkortet i Hornindal

Ein bilførar vart meld til politiet og fekk inndrege førarkortet då han køyrde i 90 kilometer i timen i ei 60-sone på E39 på Grodås i Hornindal i dag. To andre fekk forenkla førelegg - begge køyrde i 82 kilometer i timen. På Nordfjordeid delte UP ut seks gebyr for manglande bruk av bilbelte og fire førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon.