Hopp til innhold

Vil ikkje til Møre og Romsdal

Eit samstemt Vågsøy formannskap ynskjer ikkje å bli ein del av Møre og Romsdal, skriv Fjordenes Tidende. Formannskapet diskuterte saka i går, og ordførar Kristin Maurstad oppsummerte møtet med å seie at dei folkevalde i kommunen er negative til å byte fylke. Ho viste mellom anna til Måløy vidaregåande skule, som er sterkt imot å bli ein del av Møre og Romsdal.

Dersom Vanylven, Selje og Vågsøy skal bli ein kommune, så er det Vanylven som bør bli innlemma i Sogn og Fjordane, sa Hogne Bleie frå Frp.