Hopp til innhold

Trekte tilsetting

Berre dagar etter at ei kvinne vart tilsett som mottaksleiar i Leirvik, trekte arbeidsgjevaren Norsk Mottaksdrift tilsettinga, det skriv avisa Firda. Bakgrunnen er ei 18 år gamal barnevernssak, der barnet til kvinna vart plassert i fosterheim etter at ho sjølv hadde teke kontakt med barnevernet. Førsteamanuensis Tine Eidsvaag på Det Juridiske fakultetet ved Universitet i Bergen meiner Norsk Mottaksdrift ikkje kan rettferdiggjere avgjerda. Norsk Mottaksdrift ønskjer ikkje å kommentere saka til avisa.