Hopp til innhold

Blei nummer sju

Anders Fannemel hoppa 141,5 meter i første omgang av hopprennet i Willingen i Tyskland. Han klarte ikkje å følgje opp med eit like sterkt hopp i andre omgang. Då hoppa han 130,5 meter og hamna til slutt på ein sjuande plass. Peter Prevc frå Slovenia vann. Bak han kom norske Kenneth Gangnes.