Hopp til innhold

Rekordtal for Flåmsbana

Aldri før har så mange turistar reist med Flåmsbana vinterstid, det skriv Sogn Avis. Trafikken gjekk opp med 50 prosent i oktober, november og desember samanlikna med 2013. I løpet av dei tre siste månadane i 2015 hadde Flåmsbana 32.549 passasjerar. I heile 2015 var det 780.000 som tok turen med Flåmsbana.