Hopp til innhold

Får ikkje ny ferje i dag

Det er vil berre gå ei ferje i dag på ferjesambandet Fodnes-Mannheller etter at ferja Gulen gjekk på land i går kveld. Vakthavande Tor Vidar Kittang i Fjord1 trur ikkje det vil bli kapasitetsproblem ettersom det er nyttårsaftan. Ein person vart skadd i grunnstøytinga og vart frakta til lege. Ferja fekk eit hol i skroget på 20x40 centimeter. Den vart frakta til Kaupanger og ligg til kai der. Det er framleis usikkert kva som er årsaka til grunnstøytinga.