Ny styreleiar for Nordfjordbru
Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er valt til ny styreleiar for Nordfjordkryssing AS. Gloppen og Eid kommunar er saman med næringsliv og bankar eigarar av selskapet som arbeider for bru over Nordfjorden ved Lote-Anda. I haust gav Kommunal- og regionaldepartementet grønt lys for vidare planarbeid med Nordfjordbrua.