Hopp til innhold

Kollisjon i Sogndal sentrum

Ein bil har køyrd inn i ein annan bil bakfrå ved Sogningen storsenter i Sogndal sentrum. Ingen personar kom til skade i uhellet. Uhellet skjedde då to bilar stogga før dei skulle køyre ut i Gravensteinsgata. Den tredje bilen fekk ikkje med seg dette og køyrde inn i bilen framfor. Politiet er på staden. Ein av dei to involverte bilane er ikkje køyrbar.