Hopp til innhold

Veit ikkje årsaka til dykkarulukke

Dykkerulykka i Solund i september er ferdig etterforska, utan at ein veit kva som var årsak til ulukka. Undersøking av dykkarutstyret har ikkje gjeve noko ny informasjon. Dødsårsaka vil difor bli ståande som drukning, opplyser politioverbetjent Roar Brudevoll i Solund. Det var ein dansk mann i 60-åra som miste livet i ulykka. Saka vert no sendt over til statsadvokaten til orientering.