Hopp til innhold

Ingen frå fylket i regjeringa

I dag presenterte statsministeren den mest omfattande rokeringa i regjeringa sidan dei tok makta for to år sidan. Likevel var det ingen frå fylket som fekk plass ved Kongens bord. Sogn og Fjordane er saman med Vest-Agder dei einaste fylka som ikkje er representerte i regjeringa. Likevel kjem det ei i maktapparatet med røter til fylket. Christl Kvam (H) er opphavleg frå Øvre Årdal. Ho kjem frå stillinga som fylkesmann i Oppland til statssekretær for ny arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).