Knallsterk andreomgang av Fannemel
Anders Fannemel hoppa seg opp elleve plassar og vart nummer åtte under dagens verdscuprenn i Nizhny Tagil i Russland. Honndølen vart dermed del av ein sterk norsk laginnsats, med fem blant dei elleve beste. Johann André Forfang sette bakkerekord i andre omgang, og vart beste norske på tredjeplass.