Hopp til innhold

No blir det dyrare på ferja

Frå nyttår blir det dyrare å reise åleine i bilen over ferjesambanda Manheller-Fodnes og Vangsnes-Hella-Dragsvik, det skriv Sogn Avis. Sambanda blir dei første i fylket som tek i bruk autopassystemet, der ein berre tek betaling for køyretøy. Det blir dermed gratis for passasjerar, medan elbilistar må betale meir, ifølgje avisa.