Hopp til innhold

Grundig kontroll i Førde

Det er som nemd høgtid for trafikkontrollar, opp mot tusen personar har blitt kontrollerte her i fylket berre dei siste to dagane. I kveld var politiet igjen på pletten ved Hafstadflata i Førde. 56 personar vart kontrollerte for alt frå promille, dokument og tilstand på bilen, utan at politiet fann noko å reagere på.

Trafikkontroll i Førde
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK