Hopp til innhold

Tenåring dømt for promillekøyring

Ein mann i tenåra er i Sogn tingrett dømt til 21 dagar fengsel på vilkår for promillekøyring, samt 24 000 kroner i bot og tap av førarkortet i 21 månader. Det var i januar i år at mannen sette seg bak rattet etter å ha innteke betydelege mengder alkohol. Det vart ikkje teke blodprøve av mannen, men promillen vart utrekna på bakgrunn av kva han sjølv forklarte han hadde innteke. Mannen tilstod i retten.