Hopp til innhold

Frikjent for promillekøyring

Ein mann i 20-åra frå Nordfjord er i Fjordane tingrett frikjent for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Køyreturen skal ha skjedd i fjor rundt juletider. Trass i at vitne skal ha sett den tiltala sitje bak rattet den aktuelle kvelden, meinte retten at dette ikkje kunne bevisast. Dei meinte det var like truleg at ein kamerat køyrde bilen, noko som var tiltala si forklaring.