Forlenga permittering
Dei fleste tilsette ved Havyard i Leirvik blir permitterte i januar, fordi islandske Fafnir offshore har utsett bygginga av eit skip med eitt år, melder nett.no. Verftet i Hyllestad har allereie kutta rundt 60 årsverk grunna lågare oljepris og manglande konkurransekraft. Den siste nedturen kjem etter at det islandske selskapet ikkje fekk langtidsarbeid og dermed ikkje langtidsfinansiering for skipet dei vil byggje.