Hopp til innhold

Jobbar for moske i Florø

Muslimar i Florø vil byggje moske, skriv BT. Leiar i Islamsk senter i kystbyen, Fayez Alhaddad seier til avisa at trusamfunnet er i sterk vekst og at dei treng eit forsamlingshus. Dei vil be om hjelp frå givarar i Saudi-Arabia og Dei Sameinte Arabiske Emiratane for å skaffe pengar til bygginga.