Hopp til innhold

Permitteringar i teknologiverksemd

Teknologiverksemda Hellenes i Førde permitterer 14 tilsette, skriv Firda. Hellenes AS er ei teknologiverksemd som har levert produkt til oljeverksemder, men har i det siste også satsa på fornybar energi. Årsaka til permitteringane er at verksemda har mista oppdrag verdt 50 millionar kroner.