Hopp til innhold

Vart frifunnen for våpenoppbevaring

Ein sogning i 30-åra er frifunnen for å ha oppbevart ei rifle utanfor våpenskap og i strid med gjeldande forskrifter. Retten meinte det knytte seg rimeleg og forstandig tvil til spørsmålet om geværet var eit våpen i lova sin forstand, på grunn av alder. Mannen vart difor frifunnen.