Hopp til innhold

Mange vil selje tenester til Nav

Nav har årleg kjøpt tenester frå attførings- og vekstbedriftene i fylket for om lag 60 millionar kroner. Deler av desse tenestene, vel 20 millionar, er no ute i open konkurranse. I Sogn og Fjordane skal nye fireårige kontraktar verd 90 millionar kroner vere på plass innan 1. juli 2016, og Nav vurderer i desse dagar dei innkomne tilboda. Tildeling av kontraktane skjer i desember.