Hopp til innhold

Sogndal har signert ny spiss

Sogndal har signert den 22 år gamle spissen Martin Ramsland på ein toårskontrakt. Ramsland kjem frå divisjonskollega Strømmen og står med 12 mål på 29 kampar i årets sesong. – Etter flotte prestasjoner i Strømmen-trøya har Martin blitt ein ettertrakta spelar i fleire klubbar, også på elitenivå. Difor er me glade for at han valgte Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo i ei pressemelding på klubben sine nettsider.