Hopp til innhold

Søker erstatning for avlingssvikt

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått inn 11 erstatnings­saker for tap av grasfôr, og 10 for svikt i frukt- og bærproduksjon, skriv Bergens Tidende. Dei fleste er frå bønder i Nordfjord og Indre Sogn. I Hardanger har om lag 150 bønder søkt om erstatning etter at ein elendig vår har gitt fruktbøndene tap på fleire hundre tusen kroner.