Hopp til innhold

Fekk bot etter juleverkstad

Vågsøy kommune har fått 10.000 kroner i bot etter eit branntillaup ved Holvik skole natt til 11. desember i fjor. Som ledd i førebuinga til den årlege lysstøypinga ved skulen gjekk tilsette frå skulen sjølv om ei kokeplate stod på full effekt. Med det som resultat at kjelen tørrkokte og det var fare for brann. Politiet meiner praksisen og utstyret som vart nytta ved lysstøypinga var uforsvarleg. Kommunen har godteke bota.