Hopp til innhold

Siste skanse mot eigedomsskatt

Hornindal står framleis åleine om å seie nei til eigedomsskatt. Ifølgje Fjordingen legg rådmann Ann Kristin Langeland fram eit budsjettforslag for 2016 utan eigedomsskatt. 25 av 26 kommunar i fylket har no ei eller anna form for eigedomsskatt. Men viss politikarane i Hornindal følgjer rådmannen sitt forslag, blir dei ståande som den einaste kommunen utan skatt på eigedom.