Hopp til innhold

Sogning tatt for trygdesvindel

Ein mann i 50-åra frå Sogn er dømt for trygdesvindel og må betale tilbake i overkant av 40 000 kroner til NAV. I tillegg må mannen sone ei samfunnsstraff på tretti dagar. Lovbrotet skjedde då han i fjor søkte om og fekk innvilga stønad ved fire høve, sjølv om han i same periode hadde heva lønn frå ein kommunal arbeidsgjevar.