Hopp til innhold

Fekk stein gjennom frontruta

Fredag ettermiddag fekk ein bilførar ein stein på kring 10 kilo gjennom frontruta på bilen sin. Uhellet skjedde på fylkesveg 60 ved Vanbergtunnelen i Stryn kommune. Føraren vart ikkje skadd i hendinga. Statens vegvesen er varsla.