Hopp til innhold

Stoppa med promille

Politiet har stoppa ein bilførar på riksveg 5 ved Kaupanger i Sogndal. Mannen i 60-åra vart sikta for promillekøyring og teken med til blodprøvetaking. Politiet opplyser at mannen hadde lågpromille, og at mannen difor ikkje blir fråteken førarkortet.