Hopp til innhold

Liten auke for høgskulen

Høgskulen i Sogn og Fjordane får ei ramme på 377 millionar kroner i statsbudsjettet for 2016. Dette tilsvarar ei auke på 3,9 % i forhold til 2015. Vi har fått ei auke på 3,2 mill kr som følgje av fleire avlagde studiepoeng. Når studentane lykkast, gir det utteljing for HiSF, skriv høgskulen i ei pressemelding. Skulen er likevel skuffa over at dei ikkje har fått tildelt nokon nye stipendiatstillingar.