Hopp til innhold

Stakk av etter bilkrasj

Ein polsk mann busett i Nordfjord vart i Fjordane tingrett dømd til 18 dagar fengsel på vilkår etter ein lite heldig køyretur tidlegare i haust. Prøvetida vart fastsett til to år. Mannen var aktlaus bak rattet og krasja inn i ein parkert personbil før han forlét åstaden utan å varsle politiet. Han vart òg dømt for å ha inntatt alkohol etter hendinga, sjølv om han burde ha skjønt at saka ville bli etterforska av politiet. Vedkomande tilstod utan atterhald i retten. I tillegg til fengselsdomen fekk mannen ei bot på 18 000 kroner og mister i tillegg førarkortet i atten månader.