Hopp til innhold

Klagar på gruveforsking

Natur og Ungdom klagar eit forskingsprosjekt om sjødeponi inn for ein forskingsetisk komite. Bergens Tidende skriv at gruveselskap fekk tvinge gjennom skifte av deltakarar i ei miljøstudie om sjødeponi. Eit av gruveselskapa som stod bak kravet er Nordic Mining, selskapet som planlegg gruvedrift i Naustdal og sjødeponi i Førdefjorden.