Hopp til innhold

Vil ha med både Førde og Florø

Naustdal kommune vil helst ha med både Førde og Florø i ein framtidig storkommune. Det seier ordførar Håkon Myrvang. Han meiner det vil vere det beste for regionen. Torsdag bestemte kommunestyret seg for å greie fire ulike alternativ for storkommunar.