Hopp til innhold

Feil på fasttelefon i Sogn

Ein fiberfeil på Voss gjer at mange no er utan fasttelefonsamband i indre Sogn. Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier at abonnentar i Luster, Årdal, Sogndal, Lærdal og Aurland er råka. Feilen har lite å seie for mobiltelefonsambandet, seir han.