Hopp til innhold

Fem vegar stengde grunna rasfare

Følgjande vegar er måndag kveld stengde grunna rasfare: Riksveg 13 over Vikafjellet, Fylkesveg 55 Kjenesstranda-Esefjorden, Fylkesveg 92 Matre-Bjordalen og Stordalsstølen-Bjordalen, Fylkesveg 152 Ulvastad-Menes og Fylkesveg 337 Hafslo-Veitastrand. Ingen av dei vert opna i dag, melder Statens vegvesen. Sjekk alle vegmeldingane for Sogn og Fjordane her.