Hopp til innhold

Folketalet aukar

Sogn og Fjordane vil ha 109 172 innbyggarar ved årsskiftet. Det viser berekninga som Statistisk sentralbyrå presenterte i dag. Om dette slår til, betyr det 207 innbyggar meir enn for eitt år sidan. 12 av dei 26 kommunane får folketalsauke i år. For Naustdal, Aurland, Førde, Eid og Hyllestad er auken over 1 prosent. Størst prosentvis nedgang får Solund, Jølster og Bremanger.