Hopp til innhold

Sjukepleiar stal medikament

Ein sjukepleiar i Sogn og Fjordane er fråteken autorisasjonen etter å stole vanedannande medikament. Fylkesmannen fekk i juni melding om at sjukepleiaren hadde erkjent tjuveri av medisinar over ein periode på tre månader. Etter å ha blitt avslørt i ein internkontroll, vart vedkommande sagt opp og meld til politiet og Helsetilsynet. Sjukepleiaren kan ikkje lenger jobbe innan helsevesenet i dei nordiske landa.