Hopp til innhold

Ingen nye spor i forsvinningssak

Politiet har ingen nye spor i saka der Per-Arne Hestenes (35) har vore sakna sidan natt til laurdag 8. oktober. No fokuserer politiet på den nære omgangskretsen til Hestenes, for å forsikre seg om at det ikkje er informasjon dei har gått glipp av. Omfattande leiteaksjonar, helikoptersøk og søk i elva og vatnet har ikkje gjeve resultat. Politiet har avhøyrt mange og sjekka ut mange tips, men så langt er det eit mysterium kva som har skjedd med Hestenes.