Hopp til innhold

Yrkessjåfør må punge ut

Ein yrkessjåfør i 20-åra må betale 12.000 kroner for brot på reglane om bruk av fartsskrivar. Det har Sogn tingrett avgjort. Mannen køyrde trekkvogn over fire dagar utan å ha nytta diagramskive eller sjåførkort. Mannen godtok ikkje bota i utgangspunktet og må difor betale 2.000 kroner i sakskostnader til staten.