Hopp til innhold

Uendra momsgrense for bøndene

Venstre og KrF fekk i budsjettforhandlingane gjennomslag for at momsgrensa vert på dagens nivå, noko som Bonde- og småbrukarlaget i fylket er godt nøgd med. Regjeringa føreslo å tredoble grensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret frå 50.000 til 150.000. Det ville bety store tap for mange småbrukarar, men forslaget gjekk ikkje gjennom i budsjettforhandlingane.