Hopp til innhold

Vil bruke millionar på opppussing

Fylkeskommunen er innstilt på å spytte inn 20 millionar kroner for å ruste opp Sogn jordbruksskule. Den økologiske skulen i Aurland står i fare for å måtte stenge om den ikkje blir pussa opp for om lag 80 millionar. No føreslår fylkesrådmannen at dei bruker om lag ein halv million kroner på å finne ut kor mykje som pengar som trengst. Saka skal fyrst opp i opplæringsutvalet i neste veke.