Hopp til innhold

Blir skulda for forsøpling

Natur og Ungdom vert skulda for forsøpling etter at dei dekte Sandane sentrum med plakatar, det skriv Firda. Fleire har reagert på markeringa deira mot gruvedeponi i Førdefjorden der plakatar vart klistra på offentlege og private plassar, samt på kunstverk i sentrum. Natur og ungdom beklagar det heile og vil no fjerne plakatane.